Archive for the e book Category

Medan bokbransjen leitar etter vegen, går andre på den.

Posted in Digital business, Digital media, e book, innovation, Publishing, Web 2.0 on January 10, 2012 by Geir Stene

Nokre gonger skal ein sjå etter andre stader enn der ein fyrst tenkjer at ein vil finne det ein ser etter. Forlag- og bokbransjen leitar etter ein veg å gå frå papir, til også å finne dei lønsame digitale løysingane.

Det er litt som då eg ein gong for lenge sidan vart kjend med Helge Torvund.

Fyrst såg eg føtene hans. Då eg var gut var eg titt på besøk hjå kameraten min og no og då hende det at dei vaksne hadde fest. Då låg me borna under stuebordet, slik at dei ikkje såg oss og me slapp å gå å leggje oss. Der under bordet høyrde me dei vaksne skåle, synge og spele gitar. Dei snakka om kunst, om litteratur, om keramikk og Japanarar. Eit av para med føter var Helge Torvund sine. Slik vart eg kjend med han. Han hadde utgjeve diktsamling alt då, trur eg. Han var diktar.

Dette var på syttitalet ein gong, og åra gjekk, eg vart vaksen og brått var eg på internett og no seinare på Twitter.

Der, ein dag dukka @2rvund (Helge Torvund) opp, ein morgon, nett då sola lagar slikt lys som gjer at ein ser etter. Det gjorde eg med dei fyrste Twittermeldingane hans òg, såg etter. 140 teikn, tankeskisser og klår poesi. Mest kvar morgon kom dei orda som fekk mange av oss til å tenkje tankane våre betre.

Og slik har det vore sidan. Så kom ein twittersamtale mellom han og @eidsvag (Bjørn Eidsvåg) og etterkvart vart det den hiten me alle trudde det ville verte. «Oppe for show,nede for telling» Mykje kan kome ut av dialog i digitale univers.

Så kom Alabama? Lite visste eg at det ikkje berre var eit artig påfunn og seinkveldstwitterhumor om ein stad i Amerika. Men etterkvart skjøna eg at det var ei diktsamling. Ei bok. Ei bok som vart snakka om på Twitter, som det vart laga biletblogg av om kor denne boka har vore.

No har diktsamlinga Alabama? vandra frå kjøkkenbenken til han Helge, ut i verda, heile verda. Ho har vandra frå hendene til Helge, fått hans signatur og helsing, vorten sendt til alle som har bedt om det – på Twitter. Helge Torvund har fylt Litteraturhuset, Rogaland teatersal og utallege bibliotek, kor han har lese frå boka si, til dei som vil verta betre kjende med Helge sine setningar, lest av han. Slik merksemd fortel @2rvund meg at han ikkje har fått før. Diktsamlingar plar ikkje få det. Fulle hus.

No kjem ei anna bok, Vivaldi, den ser ut til å få same lagnaden, frå kjøkkenbenken, via hendene og fyllepennen til Helge med signatur til alle på Twitter som finn verdi i å lese gode setningar og bli betre kjend med forfattaren bak orda.

Kva har dette med bokbransjen å gjere? Ikkje så mykje, og det er nett det som er poenget.

Forlag og bokhandlar har ikkje leita etter digitalvegen på rette stadane. Dei har ikkje gjort noko i digitale univers som har gjort at døme eg har brukt her; Alabama? er seld fire, kan hende fem gonger så mykje som andre diktsamlingar. Det har Helge gjort sjølv, blant anna på Twitter.

Samstundes har Helge vist noko svært vesentleg. Det vesentlege i det nære, det å kjenne, det å være tilstades hjå og med sine lesarar. Den digitale dialogen har forsterka det personlege og det fysiske møte mellom litteratur, tilhøyrar og forfattar.

Her kan forlag og bokbransjen verkeleg lære noko; denne gongen kom det frå noko av det smalaste, minst kommersielle innan litteraturen. Det er forfatterane og dikterane som sjølv les frå bøkene sine, skriv på Twitter og sjølv finn vegen mellom den tradisjonelle rolla og den nye tida.

Er forlag- og bokbransjen rusta for å ta spranget saman med dei (eg vonar det), eller vil fleire og fleire forfattarar og diktarar i framtida velje å gå vegen utan dei?

The Norwegian e-book database is able to challenge Apple and Amazon.com!

Posted in Digital business, Digital media, Digital news, e book, innovation, IT and communication, Publishing, Web 2.0 on February 26, 2011 by Geir Stene

The Norwegian ebook database “Bokskyen” (“Book cloud”) is capable of challenging both Apple and Amazon.com. I just wonder if they are aware of the value they have at hand?

In an article in Aftenposten today I read that the technology used and the set up they have made in the platform created they may avoid becoming dependent on Apple’s and Amazon.com walled garden ebook strategy. I knew this two years ago, when the ebook platform was presented in “Web dagene 2009”, based upon the way they explained the technology.

Since then the owners of the platform ( CapplenDamm, Gyldendal and Aschehoug ) have focused on a strategy where the political fight concerning VAT and governmental regulative agreements have been the focus. Also keeping the “old publishing hegemony” have been a important strategy of the publishing houses in Norway, as in many parts of the world. Meanwhile the Norwegian bookreaders have become eager customers of both Apples ibook and of course Amazon.com for purchasing their e books. I’m not at all sure that the publishing companies have had the best strategy up till now, training their market to use the main (and world leading) competitors.

As for now it seems like the positive news, that they now seem confident and happy to be able to avoid Apple and Amazon.com and by that being able to keep a larger part of the profit, is the benefit they see. They are happy for the “deals” made with the government and for being able to keep a pricing model they feel they can live by, mainly continuing their business in traditional ways. This is not a great strategy for the future. In best case it’s an OK short term tactics that have worked out well – for now.

I believe that they don’t see other than only a very small part of the real business value that’s embedded in the platform they have at hand. Both Apple and amazon.com should be looking out. Google should have a closer look at what is really going on. Not to mention, the owners of the platform themselves should ask themselves if they haven’t overlooked something of importance. What that is? – Well they are welcome to define where they want to be the next decade and come and ask me how to get there.